Sist torsdag stod ein full-lasta turbuss klar til avgang frå Fitjar kl 07.00 . Inger Marie Gilje, leiar i Diakoninemnda, ønskte velkommen til tur med reisemål Finnøy i Ryfylke.

Turen gjekk via ferje på Arsvågen og på Hanasand. Hausten 2009 kan ein køyre ferjefritt til denne øya. Då er den undersjøiske tunnellen ferdig.

Hovudnæringane på Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme. To lokale guidar vart med i bussen då me kom i land på Finnøy. Me fekk mykje informasjon rundt det meste av  øya, og gjorde fleire  stopp undervegs.

Ved eit kjempestort gartneri med tomatproduksjon vart det servert ”gongkaker” med tomatsyltetøy og kaffe. Ein stopp ved Helle sølvsmie gav både handlelyst og innsyn i  sølvsmeden sitt arbeidd. Omvising i og utanfor Hesby  kyrkje frå middelalderen, stod og på programmet.

Middag og kaffe var vel tillaga for oss på Utsyn Ungdomsenter. På Rygjabø vidaregåande skule vart det vist film. Skulen er unik på sjømat, fiskeri og havbruk. I det eldgamle bedehuset Betel fekk me innblikk i gamle dagars bedehusaktivitet. Guidane  formidla på ein humoristisk måte.

(I parentes kan det nemnast at ein av guidane er i nær slekt med ”Han innante”.) Det vart mang ein god lått både i bussen og utandørs.

Det var ein velnøgd turflokk som kom attende til Fitjar om kvelden. Høg alder, rullator eller krykkjer, er inga hindring for dei som vil vere med når Diakoninemnda inviterer til tur. I september er det planar for ny utfart. Då kan du bli med som ikkje hadde høve denne gongen