Arkivfoto

Pressemelding: Fitjar kommune ynskjer å verna om dei mest sårbare i samfunnet; folk som bur i helseinstitusjon og i omsorgsbustadar, og innfører strengare restriksjonar i helsesektoren.

Det har oppstått fleire lokale smitteutbrot av koronavirus i Norge, som følgje av meir reiseverksemd og ferieavvikling. Nokon av desse har skjedd pga. reiser frå utlandet til Norge.  Fitjar kommune følgjer nasjonale retningslinjer generelt, men Fitjar kommune innfører strengare restriksjonar i helsesektoren frå dags dato:

Vern av sårbare grupper:

Fitjar kommune har bestemt i hht Smittvernloven §4 følgjande førebyggande tiltak for å verna om dei mest sårbare i samfunnet; folk som bur i helseinstitusjon og i omsorgsbustadar.

  • Tilsette i helsesektoren i Fitjar kommune vert pålagt å ikkje møta på jobb i løpet av 10 dagar etter ankomst dersom dei har hatt opphald utanlands, uavhengig av land.
  • Det er besøksforbod til kommunale helseinstitusjonar i 10 dagar etter ankomst dersom besøkjande har hatt opphald i utlandet, uavhengig av land, og vi rår til at det same vert praktisert for omsorgsbustadar i Fitjar.

Endringar i dette påbodet vert fortløpande vurdert.

Utvida tid for testing

Folk med akutt luftvegsinfeksjon må venda seg til fastlege eller legevakt som rådfører seg med kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66 , som har ope 08:30 – 15.00 alle kvardagar. Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/sundag vert telefonen ruta til legevakta 116117 som kan hjelpa til med rådgjeving.

Oppstart av barnehagar og skular

Nasjonale smittvernstandardar vert nytta i alle barnehagar og skular. Informasjon vert gjeve til alle heimar om oppstart.

Oppretthalda grunnleggjande smittevern

Vi minner på nytt om kor viktig det er at alle innbyggjarar følgjer dei generelle smittverntiltaka

  • håndvask, spritvask
  • avstand på minimum ein meter mellom folk.

Dette er svært lett å gløyme ved besøk av butikkar og på offentlege stadar, men det er like viktig no som tidlegare i år. Berre slik kan vi hindre at det skjer nye utbrot i kommunen.

For private samankomstar gjeld framleis regelen om maksimum 20 personar samla.