For tredje år på rad har bygdefolk og innflyttarar kunna gle seg over ei flott internasjonal helg som vart avslutta med fest i kultursalen i ettermiddag.

Olav J Oma hadde gleda av å ønskja over 200 personar velkomne til fest med fokus på dei mange utanlandske folka som bur i Fitjar-bygda. Her er no arbeidsinnvandrarar frå 22 nasjonar. Nokre av desse, frå  Filippinene, Thailand, India, Latvia og Island, deltok i bunad- og draktparaden som også viste eit rikt utval frå store delar av landet. Elise Aarbø presenterte alle desse på vegne av Bygdekvinnelaget.
Ved hjelp av bilete på storskjerm viste ordførar Wenche Tislevoll glimt frå natur og kultur, arbeidsliv, skular og aktivitetar i bygda. Orienteringa gav eit lite glimt av mangt som skjer i Fitjar på ulike område, eit viktig oversyn for den som er innflyttar i kommunen. Armelyn Mehammer fortalde frå heimlandet Filippinene og Liene Tolka, innflyttar frå Latvia, viste video frå Riga. Nevinga Jusciene presenterte sitt heimland Litauen. Pause med kaffi og internasjonalt kakebord gav høve til ein god drøs, og i foajeen var lag og organisasjonar presenterte på stands. Blant anna kunne ein også bli kjend på biblioteket og låne bøker. Musikk- og songinnslag var ved Eythor Runarsson.
Festen vart avslutta ved kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland som gav takk og ros til mange medansvarlege for ei vellukka internasjonal helg. Ho framheva spesielt leiar i Frivilligsentralen, Ellinor Bergesen, som har vore primus motor denne gongen også. –  Utan hennar innsats hadde det ikkje blitt noko av det, sa Bente. Ellinor er ein pådrivar frå start til slutt.
Ellinor takka for blomster og gode ord. Ho ønskjer å få fram at alle arrangementa er tufta på samarbeid mellom Frivilligsentralen, Fitjar kommune/kulturkontoret, KRIK, Fitjar Tentreff, Spar Fitjar og soknerådet. Til slutt seier Ellinor at idéen kom frå soknerådet. – Stor takk til sponsorane Spar Fitjar, Wärtsilä-fondet og Fitjar Kraftlag.

Ingressbiletet viser flotte damer i drakter frå Filippinene, Thailand og India. Foto Turid Sandvik