Kort tid etter at Varehuset Rydland nyopna, var det innbrot. I natt skjedde det igjen. Denne gongen tok tjuvane seg inn i butikken ved å smadre inngangsdøra.

– Inngangsdøra hadde herda glas, så den "eksploderte", så i tillegg til det som er stole, fekk me eit omfattande opprydningsarbeid, samt arbeid med å få på plass ny dør, seier ei lite glad Unn Vigdis Skåtun, som vidare fortel at tjuvane denne gongen fekk med seg 5-6 flatskjermar i tillegg til butikken sin PC.

-Heilt oversikt me ikkje enno. Det viktigaste no var å få rydda opp, og få på plass ny inngangsdør, seier Skåtun til fitjarposten.no

Vitne har observert ein en grå kassebil i området i natt. Denne kan ha noko med innbrotet å gjere. 

Politiet ønskjer opplysningar frå alle som kan ha sett eller høyrt noko.