Fem flotte Fitjarungdomar deltok i Ungdomens kulturmønstring på Stord i dag. Ingvild M. Oma var ei av desse. Ho gjekk vidare og er no klar for fylkesmønstringa i Bergen.

Saman med 81 andre ungdomar frå Fitjar, Stord, Bømlo og Tysnes, fordelt på 31 innslag, deltok Ingvild M. Oma i lokalmønstringa til UKM i Stord kulturhus i ettermiddag. Her kunne ein delta med alt frå song og musikk til dans, litteratur,  kunst og akrobatikk m.m. Deltakarane var i alderen 10 til 20 år.

Av dei fem deltakarane frå Fitjar var det berre 13-årige Morten P. Korsvik som hadde delteke tidlegare. Han framførde i år songen Fireflies. Songen sat som den skulle og Morten fekk god kontakt med publikum.

Lena Skålevik Tislevoll på berre 11 år hadde eigen fanklubb i salen og song Til ungdomen på ein vakker og var måte, akkompagnert av Kjell Saue på piano.

Guro Rimmereid (13) spelte piano, eller rettare sagt flygel, og framførde den nydelege Filmmusikken Bellas Lullaby frå Twilight.

Inger Muri Slettebø (13) frå Fitjar og Tiril Einarsdotter frå Stord kallar seg Create og deltok med showdans. Dei dansa til «It’s rainin» men» på ein forteljande, svært kreativ og spennande måte, og fekk rungande applaus frå salen etterpå.

Songskribent, songar og pianist Ingvild M. Oma (15) deltok med den heilt ferske og sjølvkomponerte songen Just thought I should let you know. Ingvild presterte det beste av det beste ho nokon tid har gjort og var i ein klasse for seg, og så førde det ho og velfortent vidare til fylkesmønstringa.

Kultursjef i Fitjar Bente Bjelland var med som arrangør og var svært stolt over alle dei flotte musikalske innslag Fitjar stilte med. Ho ville gjerne hatt med seg alle fem til Grieghallen 14. april og vidare til den nasjonale UKM festivalen som skal vera i Trondheim i juni. Men juryen på fire med ein representant frå kvar av deltakarkommunane måtte, sjølv om det var ein vanskeleg jobb, gjera eit utval, som enda opp med at ein sjonglør frå Stord, dansarar frå Bømlo, ei songarinne frå Tysnes, ein fotograf frå Stord, ein gitarist frå Stord og nokre fleire musikarar og vår eiga Invild fekk billett til scenen i Grieghallen.

Fitjarposten gratulerer alle deltakarane med flotte prestasjonar og Ingvild med uttakinga, og ynskjer den unge songskribenten riktig lykke til i Grieghallen!