Etter ein litt dårleg dag i går, kjørte Ingve André Strand inn til andreplass i dagens NM-runde i Sør-Trøndelag.

Det første målet for dagen var sjølvsagt å vinna B-finalen og å koma seg til A-finalen. Flyten som mangla i går, var tydelegvis på plass att i dag. Før B-finalen justerte dei blandinga mellom bensin og luft, og dermed gjekk karten som ei kule. Det same gjorde guten inni vogna. I B-finalen var han heilt ustoppeleg og kjørte inn til siger.

Med startspor langt bak i køen i A-finalen var ikkje Ingve blant favorittane. Men smart kjøring førte han lenger og lenger fram i den superspennande finalen. Han venta lenge med å kjøra ut i alternativsporet, og nærma seg teten. Samtidig øydela fleire av dei fremste for kvarandre, og Ingve kunne smetta forbi nesten alle heilt på slutten av løpet.

Andreplass i dag er nærmast å rekna for siger, etter den litt stusselege dagen i går. Og dermed er Ingve framleis med i kampen om samanlagtsigeren i årets crosskart-NM. Han leier samanlag etter tre løp, sju poeng før Jørgen Svindal og ni poeng før søndagens vinnar i Sør-Trøndelag, Ludvik S. Einarsen.