Under NM-runden i crosskart i Skien i går var Ingve André Strand heilt suveren og vann finalen med nærmare 100 meter.

Det har gått litt opp og ned for den lokale crosskarthelten vår i år, men denne gongen var Ingve heilt ustoppeleg. Han vann alle tre innleiingsheata i oppvisingsstil, og i finalen var det ingen som kunne halda følgje.

Ingve fortel til Fitjarposten at alt gjekk på skinner denne helga. Karten fungerte perfekt, det same gjorde teamet rundt han. Ingve takkar støttespelarane Sigurd André Maraas, Nils Smedvik, Unni Strand og resten av familien for god hjelp på Grenland Motorsportsenter.

Nærmast Ingve i finalen blei svensken Jonathan Walfridsson, som leia eit lite stykke i byrjinga av løpet. Men Ingve André har alltid likt seg godt på glatt føre, og dei andre førarane såg etter kvart berre skittspruten av ekspressen frå Dalsle.

– Når det er glatt, må du køyra med innsida av hovudet, ikkje så aggressivt som når det er tørt, seier Ingve.

Denne gongen utnytta Ingve føret til sin fordel, køyrde reint og ryddig heile vegen, og kom til mål minst 70-80 meter føre dei nærmaste rivalane. Bak andremann, Jonathan Walfridsson, kom Ludvik Einarsen, som er favoritt til samanlagtsigeren i årets NM i crosskart.

Etter det me kan sjå på sida til bilsport.no har Ingve André no køyrd seg inn i kampen om ei pallplassering også i år. Før den femte og siste NM-runden, som går av stabelen på Gjøvik 27. september, ligg Ingve André på ein andreplass, seks poeng bak Ludvik Einarsen.

Alle løparane kan stryka den dårlegaste plasseringa si i løpet av sesongen, men resultatet i finalerunden på Gjøvik kan ikkje strykast. Om ikkje me har rekna heilt feil, kan Einarsen sikra sigeren samanlagt med ein tredjeplass på Gjøvik, sjølv om Ingve André skulle vinna der.

Men Ingve er uansett på full fart mot ei ny pallplassering i NM i crosskart. Som vanleg fokuserer ikkje Ingve André så mykje på korleis dei andre ligg an poengmessig.

– No gler eg meg til avslutninga på Gjøvik 27. september, seier han til Fitjarposten.

 

Ingressbilete: Ingve André Strand jublar for siger på Grenland Motorportsenter i Skien. Foto: Privat.