I fjor blei fartsfantomet frå Tislavoll norsk meister i crosskart etter ein dramatisk sesong, og dermed nådde han endeleg eit mål som han har hatt i mange år.
I tillegg til medalje, pokal og annan heider frå Norges Bilsportforbund, blei Ingve André ein populær vinnar av Ambassadørprisen 2014, ein pris som Sparebanken Vest og Fitjarposten står for. Såleis har lesarane til Fitjarposten bekrefta at dei set pris på dei gode prestasjonane til Ingve André og teamet hans.
– Ja, det var på ein måte ein anerkjennelse av at me er gode, seier han til Fitjarposten.
I 20 år køyrde Ingve André Strand for gull i heile Noreg, før han endeleg blei offisiell norsk meister. Foto: Kjetil Rydland.
20 år med blodslit
Men fjorårets norske meister og Fitjar-ambassadør har på ingen måte kome lett til suksessen. Det tok heile 20 år med blodslit – men sikkert mykje gøy innimellom – før han kunne kalla seg offisiell norgesmeister.
Han fortel til Fitjarposten at han kjøpte sin første crosskart i 1993. Den bygde han opp i lag med far sin. Og det første løpet sitt køyrde han på Notodden i mai 1994, den same helga som dronning Sonja var på besøk hos Berta Liarbø.
Ingve André fortel at han har hatt god hjelp av både papen og mammo, Martin og Hildegunn Strand. – Utan deira hjelp hadde det ikkje gått så bra, seier han. Men gløden og interessa hadde han sjølv, etter det me forstår. Ramma til den første crosskarten sin kjøpte Ingve utan at foreldra visste om det!
Inspirert av Ole Vidar
Det heile starta med at Ole Vidar Helland køyrde rallycross. Ole Vidar er bror til Hildegunn Strand, og altså onkelen hans. Også unge Ingve André hadde lyst til å begynna med motorsport, men han visste ikkje heilt kva grein han skulle satsa på.
Så kom han tilfeldigvis over ein brosjyre på crosskart. Men gokart var også eit alternativ, så han brukte mykje tid på å bestemma seg. – Men til slutt sende eg bestilling på ei røyrramme, utan at eg hadde pengar – og utan at nokon visste om det, smiler Ingve André lurt.
– Men eg fekk då betalt på eit vis, seier han. Og frå då av fekk han full støtte av begge foreldra. Faren hjelpte gutungen å få crosskarten klar til første løpet i mai 1994. Og i 20 år har foreldra køyrt land og strand rundt før å følgja gutungen på løp.
Talent
Det viste seg snart at Ingve André hadde talent som crosskartførar, og det gjekk ikkje lang tid før han begynte å vinna løp. Det første løpet sitt vann han i 1996, på banen til NMK Nore og Uvdal. Han køyrde i klassen 250 ccm, og blei nummer tre samanlagt det året.
Etter kvart flytta han opp i den største klassen, 650 ccm, og han heldt fram med å vinna løp. I år 2000 vann han Norgescupen samanlagt, men det var før denne hadde fått offisiell status som norsk meisterskap.
Trass i at han langt frå har hatt det største budsjettet i crosskartsirkuset, har Ingve André ei merittliste som ingen andre. Sidan 2008 har han aldri blitt dårlegare enn nummer fire i NM, og han hadde tre andreplassar på rad før han endeleg kunne kalla seg offisiell norsk meister i 2014.
Den suverent jamnaste crosskartføraren i Noreg måtte tola fleire tvilsame titlar før han kom så langt, både «Motorsportens Vegard Ulvang» og «norgesmester i ikke å bli norgesmester». Det var eit samstemt motorsportmiljø som unnte Ingve André å gå heilt til topps.
Vil forsvara tittel
No satsar Ingve André for fullt for å forsvara NM-tittelen, og sonen Anders satsar like friskt i 250 ccm-klassen. Hovudsponsor og pappa, Martin Strand, er framleis med på laget, til liks med mamma Hildegunn. Det same er tilretteleggjar og kamerat Sigurd André Maraas. Dei prøver heile tida å bli litt betre, slik at Fitjar-gutane skal halda unna for andre skarpskodde førarar frå Norge og Sverige.