Ingve André Strand blei nummer fire i dagens NM runde i crosskart i Flå i Hallingdal.

Det blei ein svært spanande dag, fortel tilretteleggjar Sigurd-André Maraas. Ingve køyrde siste runde utan briller, og han måtte ein tur innom juryen før alt var avklart.

Med dagens fjerdeplass er Ingve i aller høgste grad med i kampen om samanlagtsigeren i årets NM for dei største crosskartane, i klassen 650 ccm. Dagens vinnar blei Jørgen Svindal, som låg på andreplass samanlagt før dagens løp. No kan Ingve stryka ein sjetteplass som sitt dårlegaste resultat i NM, medan Jørgen Svindal kan stryka ein femteplass.

Dermed er det svært likt før den siste NM-runden, som blir avvikla i Krabyskogen ved Gjøvik 7. september. Der skal alt avgjerast i årets NM i crosskart, og resultatet i den siste runden i NM kan ikkje strykast.