Ingve André Strand blei nummer tre i crosscart under eit løp i Østmark i dag.

Den lokale helten vår i crosscart er i Sverige og kjører crosscart denne helga. Fitjarposten har nettopp fått melding om at Ingve enda som nummer tre i løpet i Østmark. Rapportane fortel om ein tøff og krevjande dag.

I finalen fekk Ingve sjuande startspor i finalen, etter ein fjerde- og to førsteplassar i innleiande heat. Han kom godt ut, og det var seks spennande rundar før teamet kunne jubla Ingve over mål, fortel Sigurd André Maraas på telefonen frå Sverige.

– Dette er ein klasse der mange gode er med. Sjølv om Ingve ikkje heilt fann flyten i kjøringa til å begynna med i dag, så er førar og racingteam godt fornøgde, seier pressetalsmann Sigurd André Maraas til slutt.