Ingve André Strand blei nr. 2 i NM-runden i Skien pinseaftan, medan sonen Anders klarte ein 6.-plass.

Etter ein lang dag i Skien enda altså Ingve Andre Strand opp på ein flott andreplass i gårsdagens løp i 650 ccm-klassen, og sonen Anders kjørte inn til ein flott sjetteplass i 125 ccm-klassen. Ingve var på hugget og visste at han måtte innfri, sidan det både var mange fitjarfolk til stades, og sidan kampen om NM-tittelen er ekstra hard i år, med mange utfordrarar.

Ingve varta opp med to heatsigrar og ein flott andreplass i innleiaende rundar, og dette gav han pole position i A-finalen. Der blei han kun slått av svensken Lukas Walfridson (som vann også første løpet og leier NM). I finalen drøyde det ut før starten gjekk, noko som resulterte i både varm motor og varm førar. Ingve klarte ikkje å ta starten og kom ut som andremann i finalen, denne plassen heldt han inn til mål, men var oppe og fighta om førsteplassen. Sesongens første siger skal altså la venta på seg, men Ingve viser at det er i toppen han høyrer heime.

Andres Strand varta opp med ein knallbra tredjeplass i første omgang og var med på notane i andre og tredje omgang. Dette resulterte i åttande spor i A-finalen i 125 ccm crosskart, med den kjørte han inn og ble nr. seks i sin klasse. Anders er absolutt ein førar med lovande framtidsutsikter.

Håvard Helland som og stilte til start, var ikke fullt så heldig, hans crosskart bare døde stille hen, og det ble ingen kjøring på han denne helga. Men mistanken om en feil i tenningsannlegget er stor, og dette fiksar teamet fort med dei rette delane.