Ingve André Strand og Anders Halleråker Strand, far og son i A-finalen i crosskart i Bø. Foto: Privat.

Ingve André Strand vann A-finalen under laurdagens NM-runde i crosskart på Rallebanen i Bø.

Dermed viste den tidlegare noregsmeisteren frå Fitjar og Tislavoll at den sterke femteplassen i NM-runden på Hamar slett ikkje var noko «ulykkestilfelle». Der kom Ingve André som kjent inn på femteplass, i sin første A-finale på fleire år.

På Hamar måtte Ingve om B-finalen for å få ein plass blant dei beste, men denne gongen kvalifiserte han seg direkte til A-finalen. Her fekk han selskap av son sin, Anders Halleråker Strand. Junior vann B-finalen og køyrde inn til ein knallsterk sjetteplass i A-finalen.

Dette er første gongen Strand Motorsport har hatt to mann i same A-finalen, og me gratulerer med den knallsterke innsatsen. Me ser fram til avslutninga av NM i crosskart i Skien 6. oktober. Kanskje kan det bli eit nytt familieoppgjer der.

Og som kjent har Ingve André lova å gjera det heilt store til neste år. Kanskje går det mot ein ny sesong i kamp om NM-tittelen, som Ingve sist vann for fire år sidan. Eller blir han stoppa av sonen, Anders Halleråker Strand, som vil satsa minst like mykje som far?