Ingve Andrè Strand vann sin tredje NM-runde i crosskart 650ccm, og klatra dermed heilt til topps i NM sammendraget, der ligg han no på delt 1.plass med 80 poeng.

Håvard vart eit bytte for sentrifugalkreftene i ein sving, og blei ståande i sandfella i finalen. Han enda dermed som nr ni i løpet.
 
Det var ein spent gjeng som la turen til Eikås motorsenter i Bergen denne helga, ikkje hadde me motor i crosskarten til Ingve, og regna godt gjorde det.
Motoren til Ingve kom i lastebil over fjellet utpå fredagskvelden. Me starta monteringa av den, og hadde oppstart kl 23.00 på fredagen. Då kom Ingve med kommentaren: – Eg har ein god følelse for dette løpet.

Både Håvard og Ingve trivst godt på vått føre, og det såg me jo godt gjennom dei tre innleidande rundane deira, som enda slik i omgangene:
Ingve:  Heatsiger, Heatsiger, og andre plass.
Håvard: Tredje plass, Heatsiger og fjerde plass.
 
Ingve sikra seg dermed pole posisjon, og fikk da velge startspor først. Håvard måtte starte bak i den kjempe-nervepirrende finalen.
 
Ringreven Ingve har vore ute i kamp før, og etter taktisk rådslaging i depot, valde han startspor to, sidan det kunne vere betre feste på dekka der, og det slo til.
Ingve leia fra start til mål i finalen, var aldri truga, og vann suverent med ein halv runde til neste mann.

Håvard gjorde ein kanonstart og kom rett fra spor ni og opp på ein tredjeplass. Der låg han lenge, før han vart litt 'het på grøten' og vart ståandes i sandfella.
Men Håvard viste denne helga at dette beherskar han.
 
-Dette fortjente eg, var første kommentaren til Ingve, når han kom til teamet som sto klar med gratulasjonar etter finaleomgangen.
 
Første plass denne helga: Ingve Andre Strand.
Andre plass denne helga: Jack Flellstad.
Tredje plass denne helga: Alexander Wiik.


 
Dei som var med i teamet denne helga var Ingve Andre Strand, Anders Strand, Håvard Helland, Sigurd Andre Maraas og Victoria M. Maraas.
 
Det var jo òg gledeleg at ein heil gjeng fitjarbuar hadde reist inn til Bergen og var med og heia oss fram.
 
No ser me fram til 4.NM runde som går på Tynset 2 august.