Ingrid Hovstad er ny journalist i Fitjarposten. Foto: Jonas Sætre/Stord24

24-åringen frå Fitjar skreiv for Fitjarposten som ungdomsskuleelev for 10 år sidan. No her ho flytta heim til bygda, og gjer comeback for avisa.

Ingrid kjem frå Hovstad i Fitjar, og er 24 år gammal.

Ho har bachelor i statsvitskap frå Universitetet i Bergen, og flytta tilbake til Fitjar i 2017.

Ingrid er vaksen opp på garden der Hogsteegga blir produsert.

– Eg synest det er litt skummelt, for eg har ikkje noko journalistutdanning. Men det går sikkert fint. Eg håpar å få mykje tips frå folk i Fitjar, seier Hovstad.

Ho er ikkje eit heilt nytt fjes for Fitjarposten. Då ho gjekk på ungdomsskulen og vidaregåande skreiv ho saker for Fitjarposten, blant anna då ho var aktiv i 4H.

Redaktør i Fitjarposten og Stord24, Jonas Sætre, er svært glad for at Ingrid har sagt ja til å vere journalist i Fitjarposten.

– Me er svært glade for å få Ingrid med på laget. Ho er ei engasjert ung dame, som kjenner godt til kva som skjer i Fitjar-samfunnet. Ikkje minst har ho eit godt språk og ei positiv framtoning som me trur vil vere svært positivt for Fitjarposten. Me håper fitjarbuen vil ta godt i mot ho.