Styret i Fitjar Mållag, f.v. Angunn Bårdsen, Karvel Strømme, Ingrid Hovstad og Ragnhild Prestbø. Foto: Kjetil Rydland.

Måndag kveld avvikla Fitjar Mållag det første ordinære årsmøtet sitt etter at laget vakna til live att i haust, og Ingrid Hovstad blei samrøystes vald til leiar.

Fitjarbuen gjekk ikkje akkurat mann av huse for å vera med på årsmøtet i Fitjar Mållag måndag kveld. Leiar i interimsstyret, Ingrid Hovstad, kunne ønskja velkomen til ni røysteføre medlemmer, og til kveldens foredragshaldar, Magnar Kloster.

Sistnemnde heldt eit innhaldsrikt og tankevekkjande foredrag, der han gjorde greie for utviklinga av det norske språket frå svartedauden og fram til i dag, med særleg vekt på kyrkja og skulen. Som vanleg hadde den pensjonerte læraren og lokalhistorikaren førebudd seg godt.

Det var skulekrinsane som avgjorde kva målform dei skulle bruka, og i Fitjar var Tislevoll krins (Øvrebygda) først ute, då dei innførte nynorsk i 1908. Sist ute var Ivarsøy, som først kom med i 1947. Her gjekk bølgjene høgt, og det kom fram skuldingar om at nynorskforkjemparane «nytta nazimetodar». Måldebatten har alltid vekt sterke kjensle både i Ivarsøyo og andre stader.

– Språk er ikkje berre ord; det handlar om identitet, understreka Magnar Kloster.

Fitjar Mållag vart skipa 1. oktober 2018. På skipingsmøtet vart Ingrid Hovstad, Karvel Strømmen og Ragnhild Prestbø valde til interimsstyre. På måndagens møte – det første ordinære årsmøtet i det nyskipa laget – blei desse tre valde inn i det første ordinære styret, med Ingrid Hovstad som leiar. Dei fekk òg med seg Angunn Bårdsen i styret. Å stabla på beina den femte medlemmen viste seg vanskeleg, men Håkon Hovstad og Kjetil Rydland melde seg som varafolk.

Styret lovar eit spanande program for året som kjem. Planen er å få til forfattarbesøk og tilskipingar om forsking, lokalhistorie og lokal dikting. Mållaget vil samarbeida med andre mållag og andre lokale organisasjonar, og set seg føre å passa på at bedrifter og kommunen nyttar nynorsk i kvardagen på Fitjar.

Elles vonar dei naturlegvis å verva fleire medlemmer, førebels har talet stoppa på 15.

Ingrid Hovstad med kveldens foredragshaldar, Magnar Kloster. Foto: Kjetil Rydland.