Ordførar Harald Rydland og kriseleiinga i kommunen har ikkje noko nytt å melda. Foto: Ingrid Hovstad

Kriseleiinga og smittevernlegen hadde eit kort møte 11.januar for å drøfta status for pandemien i Fitjar, og har ikkje nye smittetilfelle eller tiltak å melda. 

– Vaksineringa er komen i gong, og folk er flinke til å fylgja råda for å hindra smittespreiing. Igjen vil me takka alle som bidreg med godt smittevernarbeid i kommunen, skriv kommunen på sine heimesider.

Førre smittetilfelle vart registrert 23.12.20. I den andre bølga av pandemien er det til no påvist 11 koronasmitta i Fitjar. Sidan i vår har Fitjar til saman hatt 20 tilfelle. 

Kommunen minner om dei lokale og nasjonale smittevernstiltaka.