Byttar den tradisjonelle julegateopninga med direktesending på facebook.
I mange år har det vore tradisjon med julegrantenning, opne butikkar og andre trivelege aktivitetar i Fitjar sentrum første sundag i advent. Arrangementet har vore populært og plar samla mykje folk.
Ordførar Harald Rydland melder i dag at den tradisjonelle folkefesten diverre må gå ut i år.
– Koronapandemien gjer at me ikkje kan gjennomføra arrangementet i år. Det ville vera uråd å halda smittevernsreglane med så mykje folk samla på ein stad. Difor vert det heller ein enkel seremoni utan publikum med tenning av julegrana i sentrum kl. 17.00 denne søndagen, skriv Rydland.
– Skulekorpset spelar julemusikk og ordføraren vil komma med ei helsing. Arrangementet vil verta filma og sendt direkte på Fitjar skulekorps si Facebookside frå kl. 16.45.
Me reknar med at julestemninga kan koma sigande til Fitjarbuen sjølv utan den vanlege hendinga.