Ingen vart teken for promille då politiet gjennomførte promillekontroll i Fitjar sentrum mellom 20:15 og 21:15 i går kveld.

I alt vart 27 bilførere kontrollert.  Som nemnd hadde ingen førarar promille, men ein bilførar fekk gebyr for manglande førarkort, og i ein bil var det for mange passasjerar, heiter det i politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.