Fortsatt ikkje lov å stryka ved kommunevalet. Skjermdump av gamal informasjon.

Det vert ikkje mogleg å stryka kandidatar frå listene under årets kommuneval.

Før kommunevalet i 2003 fjerna Stortinget moglegheita til å stryka kandidatar frå lister. Sidan har ein fleire gongar prøvd å innføra ordninga att.

I 2017 foreslo stortingsrepresentantar i frå Høgre og Framstegspartiet å innføra stryking att.

– Det er ei lite demokratisk ordning at veljarane kan heia fram kandidatar dei likar særlig godt, medan kandidatane ein ikkje likar, har immunitet mot veljarane si meining, skreiv forslagsstillarane.

Forslagsstillarane fekk fleirtal for framlegget sitt i Stortinget, og vedtaket vart:

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å gjeninnføre velgernes mulighet til å stryke listekandidater ved fylkestings- og kommunestyrevalg.

Ny vallov?

Regjeringa sette difor ned eit vallovutval i juni 2017, som skulle sjå gjennom heile valordningar, og fremja forslag til ny vallov. Utvalet skal vurdera om det er behov for endringar i valordninga, og om endringar i fylkesstrukturen bør få konsekvensar for valordninga. Personvalordninga ved stortingsvalet, og moglegheita til å stryka kandidatar ved lokalval vil vera ein del av det.

Dei som hadde håpa på at utvalet skulle foreslå å innføra stryking att, må diverre vente til neste kommuneval. Utvalet leverer nemleg ikkje utredninga si før mot slutten av 2019, og  det vert difor ikkje mogleg å stryka listekandidatar ved kommune- og fylkesvalet i 2019.