– I desse tider må me vel kunna bruka utrykket «inkje nytt er godt nytt» , skriv ordførar Harald Rydland i siste pressemelding frå kriseleiinga i kommunen.
Han melder om ei roleg helg på Fitjar, utan nye smittetilfeller eller andre forhold. Men om du no skulle ha gått glipp av nokon av tiltaka i Fitjar har me samla dei viktigaste under.
– Det er i følge ordføraren tre påviste koronasmitta i kommunen, men Fitjar kommune har auka kapasitet på smittevernkompetanse ved å leiga inn legen Odd Kvamme.
– Havnahuset vert berre opna for besøk etter avtale i visittida kl. 17.00 til 18.00. Fitjar bu- og behandlingssenter er stengt for alle besøkjande. Kritiske sjuke kan få besøk av nære pårørande etter avtale.
– Forbod mot overnatting på hytta, med mindre du har hytte i same kommune som du er folkeregistrert.
– Forbod mot arrangement, ikkje lov å nytta idrettsanlegga, og følg retningslinjene frå kommuenen om du skal ferdast i naturen.
– Hald avstand! Avgrens tal personar du har nær kontankt med.
Nokon du lurer påp? Meir informasjon finn ein på Fitjar kommune sine nettsider.
Fitjar kommune takkar Engevik & Tislevoll, Kværner Stord og Fitjar vidaregåande skule for at dei har gitt kommunen smittevernutstyr.