Slik var det i alle fall for dei borna som var med på basar ein ettermiddag denne veka.

Då Tysdagsklubben i Øvrebygda bad inn til basar, fyltest bedehuset med born og vaksne. Fleire av borna deltok som forsongarar, og nye vers stod på repertoaret. Kyrkjelydsprest Nobu brukte bilete på storskjerm for å illustrere bodskapen om at Jesus er den gode hyrde som passar på oss.

Etter matpausa vart det fart i åresalet, og alle gevinstane som låg framme på eit bord, spreidde glede hos dei som vann. Eit eple og ein ballong til kvart barn ved utgangen, gjorde til at alle fekk noko med seg heim. Dei borna som hadde lyst til å vinne vogga med dokke i, laut finne seg i at den gjekk til ein utanbygds person. Det var ein av gevinstane på hovudlotteriet.

Leiar i Tysdagsklubben, Karen Elisabet Rydland Sæbø, fortel at basarpengane ikkje skal brukast til drift av klubben. Summen skal delast på to misjonsprosjekt som Gutelaget og Barnelaget har støtta tidlegare: Skuleborn i Etiopia og Lovsangsheimen i Bankok.