Arkivfoto Ingrid Hovstad

Debatt: All vindkraftutbygging skal skje ved utnytting av havvind, noko som kan gje norsk industri eit nytt og viktig satsingsområde.

Av: Kjell Nesbø, ordførarkandidat Fitjar Arbeidarparti

I Fitjarfjellet har Midtfjellet vindpark bygd 55 vindturbinar med tilhøyrande vegar og oppstillingsplassar. Dette utgjer nesten halvparten av den tidlegare urørte naturen i Fitjarfjellet. Vindparken er i hovudsak eigd av tysk pensjonsfond. Lokalsamfunnet sit att med minimal gevinst, kanskje 1-2 arbeidsplassar. Er det slik me vil forvalta vår unike fjellområde?

NVE har kome med forslag til Nasjonal ramme for vindkraft datert 1. april 2019. For Fitjar kommune sin del, er resten av den urørde naturen føreslege bygd ut med nye vindturbinar. Området det gjeld er Tindane, Grønafjellet, Mosavatnet, Klovsgardfjellet, Botnavatnet, Kidno mv. Dette inneber at denne delen av fjellet er tenkt regulert til industriområde, med dei konsekvensar dette vil få for mellom anna Friluftsområde/friluftslivet. Det nye området som er føreslege lagt ut er indrefileten i fjellet på Stordøya. Området er og svært mykje nytta av innbyggjarane i Stord kommune. Hovudargumentet til NVE for å byggja ut dette området, er at det er lagt mykje vekt på dei gode føresetnadane for nettilknytning.

I forslag til rammeplan uttalar NVE at det nye utbyggingsområdet har stor friluftsinteresse både for Stordabuar, Fitjabuar og andre som ynskjer å ferdast i urørt natur, og er svært viktig for friluftsinteressene. Likevel føreslår NVE utbygging av desse områda.

Det føreslegne utbyggingsområdet ligg på frå ca. 500 -749 meter over havet. Vengespissen på vindturbinane vil koma opp mot ca. 900 meter, alt etter storleiken på vindturbinane. Det seier seg sjølv at dette vert svært godt synleg frå store deler av vårt fylke, noko som er med på å forsøpla fjellet på Stordøya. Tenk dykk 30-40 vindturbinar som er høgare enn Kattnakksendaren i Stord kommune!

Ved plassering av vindturbinar på eit slikt nivå, medfører dette sterk auke av iskasting. Det inneber at det i perioden frå oktober til april er forbunde med fara å bevega seg i nærleiken av vindturbinane, NVE seier at tryggleiksavstanden er om lag 200 meter,

Når det gjeld verknader for drikkevatn, skriv NVE at det kan førekoma følgje av forureining, både under utbygging og drift av vindturbinane. Vidare skriv NVE at verknadane for drikkevatn er i stor grad knytt til aktivitetar og uønskt hendingar i bygge- og driftsperioden, som kan føra med seg utslepp av miljøfarlege stoff og auka partikkelavrenning.  Dette kan eksempelvis vera utslepp av olje og drivstoff frå bilar, anleggsmaskinar og vindturbinar. Drikkevassforskrifta stiller strenge krav og sikring av drikkevasskjelder. Rådmannen i Fitjar har registrert at Fitjar kommune ikkje har reservevasskjelde, noko som vart peika på ved den førre utbygginga av Midtfjellet vindpark. Ei vidare utbygging vil i stor grad påverka nedslagsfeltet for Fitjar kommune si drikkevasskjelde i Svartavatnet, noko som er heilt uakseptabelt. Ei vidare utbygging vil og redusera moglegheita med å finna ei god reservevassforsyning for ibuarane i Fitjar kommune.

- Annonse -

Med bakgrunn i det som er nemnt om utøving av friluftsliv, mogeleg forureining av Fitjar kommune si drikkevassforsyning, visuell forsøpling av fjellet på Stordøya og fare for iskasting, er ulempene langt større enn fordelane ved ei utvida utbygging av vindturbinar i fjellet på Stordøya. Nok er nok!

Fitjar Arbeidarparti er heilt klar på, og vil vera ein garantist for at me ikkje får  utbygging av vindturbinar i urørt natur i Fitjarfjellet. All vindkraftutbygging skal skje ved utnytting av havvind, noko som kan gje norsk industri eit nytt og viktig satsingsområde.

Fitjar kommune må allereie no gje klår beskjed til NVE, at området som ligg i Fitjar kommune må ut av rammeplanen.