Fitjargutane måtte bita i kunstgraset i Hustrudalen laurdag ettermiddag, og måtte reisa heim med 0-3 etter møtet med Solid.

Det var ikkje noko spesielt godt lag dei møtte i det vakre sommarveret på Solid sin heimebane, men Fitjar sine beste menn greidde ikkje å ta med seg festivalstemninga til Hustrudalen. Fitjar var omtrent dei tre måla dårlegare enn Solid og fekk nok ei stadfsting på at det skadeskotne mannskapet slit, og kjem til å slita resten av sesongen.

Etter ei roleg og avventande opning der Fitjar hadde eit bar sjansar, var det heimelaget som tok leiinga då det hadde gått fem-seks minutt. Fredrik Rogne fekk altfor god tid rett innanfor 16-meteren, og kunne plassera ballen ballen i vinkelen, langt utanfor rekkevidda til Oddgeir Træet. Fitjar-keeperen stod på feil fot, og reagerte ikkje før ballen låg i nettet. Etter denne scoringa tok Solid over det vesle me kunne sjå av godt spel. Mål nummer to kom nærmast ut av ingen ting, då Viljar Losnegård skulle slå ei langpasning frå rundt 40 meteren. Ballen sklei av vrista og gjekk i ein høg bane mot Fitjar-målet. Der stuplanda ballen rett under tverrliggjaren, bak Oddgeir Træet.

Med 2-0 etter 31 minutt hadde Solid full kontroll på kampen. Det hjelpte ikkje akkurat på Fitjar-spelet at både Brynjar T. Engelsen og Helge Træet måtte gå ut tidleg med skadar. Erstattarane deira måtte og gå ut før andre omgang begynte. Den største sjansen for Fitjar i første omgang kom fem minutt før pause då Badi Hurasi kom inn i 16-meterfeltet og skaut god frå litt skrå vinkel. Diverre greidde Solid-keeperen Levent Smakiqui å slå ballen over til corner.

I andre omgang fall Fitjar endå eit hakk spelemessig, og omgangen opna med to store sjansar, ved superinnbytar Alfred Berge og målscorar Viljar Losnegård. Etter knapt 20 minutt kom to nye store sjansar for Solid. Begge gongene var det klar offside, men assistentdommaren møtte ikkje til kamp. Heldigvis gav ikkje fråværet av flaggberar teljande resultat. Den første redda Emil Fitjar på streken, og den andre redda keeper Oddgeir Træet. Begge gode prestasjonar av Fitjar-spelarane, på sjansar som burde ha blitt vinka av for offside.

På slutten av kampen overtok Solid meir og meir, og det var heilt fortent at dei kunne leggja på til 3-0 i det 90. minuttet. Det gjekk altfor fort for det unge forsvaret til Fitjar, og Jørgen Ekre sette ballen enkelt i mål frå kort hald. Dermed måtte Kjell Træet og hans bolde menn nok ein gong reisa tomhendte heim att frå Hustrudalen.

– Det var kjekkare på Norway Cup, sukkar den lett oppgitte A-lagstrenaren. Han måtte innsjå at laget hans ikkje var godt nok, mot eit middels Solid-lag. Det var langt mellom dei store lyspunkta på laget hans denne gongen, men ha såg eit lite i midtforsvaret, der Torbjørn Korsvik kjempa godt. Lenger framme på banen var det Mats Brakedal som markerte seg mest; han ser ut til å vera på veg tilbake til normal form. Elles merka me oss ein ung debutant som kom inn i midtforsvartet. 15-åringen Svein Arne Raunholm kom inn på slutten utan å markera seg, men det vil han ganske sikkert gjera etter kvart som han får fleire sjansar.

Fitjar sitt Lag mot Solid:
Oddgeir Træet, Brynjar T. Engelsen (Sander Tverborgvik 13. og Thomas S. Koløen 46.), Emil Fitjar (Svein Arne Raunholm 82.), Torbjørn Korsvik, Andre Helland, Helge Træet (Jonas Tislevoll 23. og Sebastian Tufteland 46.), Øyvind Fykse Lie, Kjell Andre Thorland, Badi Hurasi, Mats Brakedal og Thomas Vestbøstad Waage (Adrian Mehammer 68.).


Dette har etter kvart blitt eit vanleg syn på benken til Fitjar. Foto:Kjetil Rydland.


Kjell Træet på sidelinja får auga på eit lite lyspunkt i Torbjørn Korsvik, som kjempa bra i midtforsvaret til Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.


Dagens debutant, 15-åringen Svein Arne Raunholm, rakk ikkje å setja sitt preg på kampen, men han vil ganske sikkert få mange sjansar til å markera seg. Foto: Kjetil Rydland.