Ingen av Fitjar-førarane nådde målet om A-finale under runden i vestlandsmeisterskapen i Vikedal i går.

Minst voner hadde nok Jonas K. Lønning, i bilcross junior. Han har ikkje har kjørt så mange løp i år, men ein 20.-plass var han ikkje fornøgd med. Noko betre gjekk det med Gisle Aarbø, som har hevda seg godt i heile år. Etter å ha blitt nr. 3, 5 og 1 i dei innleiade rundane stilte han i 3. beste startspor i B-finalen.

Men det blei snart klart at han ikkje hadde sjansar til å vinna B-finalen og komma seg til A-finalen på den måten. Henrik Ramsvik frå Bergen, som leiar vestlandsmeisterskapen samanlagt, stakk frå og kom seg til A-finalen. Medan Gisle måtte nøya seg med 4.-plassen i B-finalen. Dermed stakk Ramsvik endå lenger frå Gisle i samandraget. Og som om ikkje det var nok, så gjekk sigeren i A-finalen til André Hustoft Nesheim, ein av dei andre som kjempar i toppen i vestlandsmeisterskapen.

I rallycross hadde Håvard Helland eit mål om å nå A-finalen, etter som det var opphaldsver og høvelege forhold for dekka hans. Men også for Håvard enda dagen i B-finalen, der han ikkje klarte å kjempa heilt i teten.

Neste post på programmet for Fitjar Racing Team er NM-runde i crossskart i Trondheim 1. september. Her stiller både Ingve André Strand og sonen Anders Halleråker Strand. Spesielt Ingve har sjansar til å hevda seg i toppen, og Fitjarposten vil følgja opp så godt me kan.