Fitjarbu og tidlegare stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn vert med og styrer KrF-landsmøtet som startar i Trondheim fredag.

– Når Kristeleg Folkeparti sitt landsmøte startar i Trondheim fredag, vert truleg Ingebrigt S. Sørfonn ein av tre dirigentar.

Saman med Inger Lise Hansen frå Vestfold og Bjørg Tørresdal frå Nord-Trøndelag ser det ut til at han får ansvaret for å losa landsmøteforhandlingane i hamn.

Dirigentane si hovudoppgåve er å syta for at vala, forhandlingane  og avstemmingane vert gjennomført på ein ryddig og god måte, innanfor dei tidsrammene som landsmøtet har til disposisjon, heiter det i ei pressemelding som tikka inn til redaksjonen vår i dag.

Når me nemner Ingebrigt Sørfonn, kan me òg opplyse at han vert årets 17. mai-talar under hovudarrangementet i Kulturhuset på grunnlovsdagen.

Heile 17. mai-programmet kjem i mai-nummeret av papirutgåva vår som kjem i morgon.