Ingebrigt S. Sørfonn vart i går valt til styreleiar i Indremisjonssamskipnaden. Det skjedde under IMS sitt årsmøte og 150-årsfeiring på Husnes i går.

I I sin tale til forsamlinga etter at valresultatet var klart, sa Sørfonn at han tok i mot vervet med «skrekkblanda fryd». -Å arbeide saman med eit oppegåande misjonsfolk som veit kva dei vil, og med ein organisasjon som er bygt opp nedanifrå, gjev frimot, sa han, og la til: – Dette er noko me gjer i lag!

– Eg veit at organisasjonen heiter IMS, men eg kjem nok til å gløyme meg ut og seie ImF av og til. Så eg er open for korreksjon, men eg veit ikkje om det hjelper, sa ein humørfylt Ingebrigt Sørfonn, som òg har lang fartstid i ImF, til slutt.

Det vert elles meldt om eit flott årsmøte der mellom anna ein kreativ og morsom  historisk revy stod på programmet, i tillegg til solid forkynning og flotte musikkinnslag.