Illustrasjonsfoto: Pixabay

Influensasesongen står for tur. Neste veke tilbyr Fitjar Helsestasjon vaksinasjonar for alle pasientar.

Kunngjering frå Fitjar kommune:

Følgjande risikogrupper vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom.

  • Personar over 65 år
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast
  • Vaksne og born med
    –  kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    –   kronisk hjarte/kar sjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt
    –   sjukdom som gjev nedsett infeksjonsmotstand
    –   diabetes type 1 og 2
    –   kronisk nyre- eller leversvikt
    –   kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

–   svært alvorleg fedme, dvs. BMI over 40 ( BMI = kg/m2)
–  annan alvorleg og/ eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg     helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Tidspunkt:

Fitjar Helsestasjon vil tilby influensavaksinasjon for alle grupper kun følgjande dagar:

  • TYSDAG 23.OKTOBER KL. 08.30 – 14.30
  • FREDAG 26.OKTOBER KL. 08.30 – 14.30

Vidare vaksinasjon vil skje hjå Fitjar Legesenter hjå den einskilde fastlege. Det er då sett opp følgjande tidspunkt:

  • Waleed Brisam 05.11 og 12.11 kl. 12.00 – 15.00
  • Gabor Borgulya 02.11 og 09.11 kl. 08.15 – 12.00
  • Maria-Ana Brata 09.11 og 16.11 kl. 08.15 – 13.00

Friske personar over 65 år, gravide, barn og helsepersonell kan ta kontakt med Fitjar Helsestasjon for timebestilling utover oppsette dagar.

Pris:

  • Influensavaksine kr. 150,- Helst betaling med kort!
  • Pneumokokkvaksine kr. 400,-

For meir informasjon/spørsmål ta kontakt med din fastlege, eller Fitjar helsestasjon.

Fitjar Legesenter: 53457190. Fitjar Helsestasjon: 48048730.