Driftsleiar Nils-Rune Skogsrud synte fram den tradisjonsrike fabrikken til Fitjarposten i fjor. Foto: Kjetil Rydland

Dør- og vindusfabrikken som no blir avvikla på Fitjar blei starta i Leirvik heilt tilbake i 1921.

– Sjølvsasgt er dette vemodig for meg, men eg synest først det er trasig for alle dei som jobbar der ute.

Det seier Espen Fjeldtvedt, som dreiv fabrikken J. Fjeldtvedt AS frå 1970-talet og fram til Harmonie tok over fabrikken for få år sidan. Onsdag fekk alle dei 30-40 tilsette beskjed om at fabrikken vil bli avvikla i sommar.

Han kjenner mange av dei tilsette som no mister jobbane sine.

– Veldig mange av desse jobba for meg. Så dei har eg stor sympati med. Dette er ei verksemd med liv og tilsette.

Blei starta for 98 år sidan

Det er eit stykke industrihistorie på Stord-øya som no har teke slutt.

– Fabrkken blei opphavleg starta på Nattrutekaien i Leirvik i 1921. Den blei flytta til Ådland i 1924, og lenger oppe på Ådland under 2. verdskrig. Der var produksjonen i gang fram til 2001, då fabrikken blei flytta til Fitjar og verkemda blei dobbelt så stor over natt, fortel Fjeldtvedt.

Familiebedrifta har hatt ein eventyrleg vekst etter at Espen Fjeltvedt tok over som dagleg leiar på 1970-talet.

- Annonse -

– Det har på mange måtar vore eit industrieventyr. Då eg tok over var me berre tre tilsette. Eg hugsar då me passerte den første millionen i omsetnad, og klarte å vekse bedrifta til over 70 millionar i omsetnad.

Eig fabrikkbygget

Familiebedrifta J. Fjeldtvedt gjekk sjølv konkurs i 2015. Det var då Harmonie kom inn og redda arbeidsplassane i Fitjar. Espen Fjeldtvedt har likevel hatt ei viktig rolle i utviklinga fram til i dag.

– Eg eig fabrikkbygget og leigar det ut til Harmonie. Eg har ein langsiktig avtale med Harmonie, så dette får ikkje noko konsekvensar for meg.

Fjeldtvedt vil ikkje heilt gi opp håpet om at det ikkje kan bli fabrikkverksemd i lokala i framtida.

– Eg veit ikkje kva tankar dei har om fabrikken, og om dei har tankar om at fleire andre skal få prøve seg.