John Dayal, generalsekretær av All India Christian Council (AICC), kjem til Fitjar bedehus førstkomande tysdag kveld i høve markeringa av «Søndag for de forfulgte i november 2011».

Det er Norsk Misjon i Øst som arrangerer møtet, og dei ønskjer å rette eit særleg fokus på situasjonen for kristne i India.

Dei kristne vert her oppfatta som ein trussel mot den nasjonalistiske hindutvarørsla sin idé om at framgang for India er avhengig av ein samlande hinduistisk kultur. Nokre er villige til å bruke vald for å tvinge kristne leiarar til å stoppe arbeidet sitt.

I tillegg til den indiske generalsekretæren vert og Marianne  Haugerud frå Norsk Misjon i Øst med på møtet, og det vert song av Fitjar musikkforening.

– Velkommen til eit spennande møte der du kan lære meir om situasjonen for dei kristne i India, seier arrangøren

testosteron