Halvor Aga imponerte under aadlandsk femkamp Foto: FP-arkiv.

Under varierande vêrtilhøve blei årets aadlandske femkamp avvikla i Fitjar Idrettspark tysdag kveld, og deltakinga var svært bra.

Om lag 50 frammøtte i alle aldrar frå fem-seks år og opp til nærmare 70 (Halvard Wiik) leverte alle fin innsats. Fjortenåringen Halvor Aga stod truleg for den beste prestasjonen, då han sprang inn til ny personleg rekord på 3000 meter, med 10,35.

Victor Aga imponerte elles med å setja både Bård Inge Bø og Johannes Aadland på plass i stille lengde og i kule. Han vann lengde med 2,61 meter, medan Johannes blei nummer to med 2,58 og Bård Inge Bø nummer tre med 2,57. I kule greidde Victor 8,81 meter og Bård Inge Bø 8,78.

André Olsen Aadland vann spyd med 28,07 meter. Denne øvinga blei spylt vekk av ei ofseleg regnbye og avbroten. Bård Inge Bø vann 3000 meter på 10,31 og 60 meter på 8,2.

Nina Aarbø Olsen vann kvinneklassa med 11,16 på 3000 meter som beste resultat.

Aadlandsk femkamp har etter kvart utvikla seg til ein fin sommartradisjon, eit triveleg lågterskelarrangement, som denne gongen blei avslutta med grilling hos André og Helga Aadland i Havn.

- Annonse -