-Eg er imponert over det som er bygt opp her i Fitjar, sa stortingsrepresentant, og medlem i Helse- og omsorgskomiteen,  Laila Dåvøy, då ho gjesta Fitjar i dag. Ho meiner at stortingspolitikarane må bli flinkare til å prioriere meir til kommunane sitt beste i helsesektoren.

-Mykje av det eg har sett på Fitjar stadfestar det inntrykket eg har fått om situasjonen innanfor helse- og omsorg i kommune-Noreg. Det er for lite kommunale pengar til å få gjennomført det ein burde hatt pengar til. Om staten har overført meire pengar til dette i det siste, har behovet auka endå meir, slik at det ikkje vart den inndekkinga ein hadde vona med desse overføringane.

Difor må rikspolitikarane bli flinkare til å prioritere på ein annan måte, så kommunane kan verte sett i stand til å gjere noko med denne problematikken. Sjukehusa er eit pengesluk. Difor kan det vere smart å byggje ut kompetansen på sjukeheimane i større grad enn det ein har gjort til no, sa Dåvøy og nemnde Røde Kors universitetssjukeheim i Bergen som eit eksempel på kva ein kan få til.

-Her har dei eigne legar som dekkjer  24 timar i døgeret, spesialsjukepleiar og eigen avdeling for døyande. I det heile taklar dei det meste sjølv, og treng berre nytta sjukehuset i heilt spesielle situasjonar.

Laila Dåvøy gav òg ros til fastlegane i Fitjar.

Folk som bur i omsorgsbustader har ikkje krav på legeteneste, slik som dei på sjukeheimane har det. Men her i Fitjar gjev fastlegane dei denne tenesta likevel. Det har eg jammen ikkje sett mykje av andre plassar!, sa stortingsrepresentanten.

Ordførar Harald Rydland peika på at dei som får tilbod om omsorgsbustader i Fitjar har det godt, noko Dåvøy òg var samd i.

– Problemet vårt er ikkje at me ikkje har plass. Det står ni rom og tre leilegheiter ledig, men me har ikkje økonomi til å ta dei i bruk. I tillegg er det vanskeleg å skaffe nok kvalifiserte tilsette i dag, noko som til ein viss grad heng saman med mange små stillingar, som ikkje er særleg attraktive, sa han, og fekk godt gehør frå Dåvøy, som lovte å ta innspela med seg vidare i sitt arbeid på "Tinget".