Arkivfoto: Irmelin Havn vart gårsdagens beste skyttar. Her saman med Karl Andre Rydland ved eit tidlegare høve . Foto: Ingrid Hovstad

Ungdomane i Fitjar skyttarlag viser svært lovande tendensar, og det vart sett fleire personlege rekordar under skytestemnet på Årskog i går.

Fitjar skyttarlag er i vinden. Nyleg gjennomførte dei heime-landsskyttarstemne med godt oppmøte og gode resultat. I går var det duka for lagmeisterskap, og laget kunne nok ein gong smila over godt oppmøte.

Under gårsdagens lagmeisterskap synte ungdomane kva dei er laga av, og alle deltakarane frå klassen «eldre rekrutt 14-15 år» ligg øvst på resultatlista. Er det ein trenar som kan fortena skryt mon tru?

Irmelin Havn skaut imponerande 349 av 350 poeng, og kunne kalla seg dagens beste skyttar. Fitjarposten gratulerer!

Me trur det kan verta svært spennande å følgja med på kva ho, og dei andre ungdomane i laget kan oppnå om dei fortset med skytinga.

Heile resultatslita kan ein sjå her: