Bård Inge Bø har tipsa oss om statistikksidene til Norges Friidrettsforbund og ei rekkje gode resultat av Fitjar-jenta Tone Brakedal.

Friidrettstrenaren i Fitjar IL viser til oppsummeringa av friidretten 2012 på friidrett.no sine statistikksider. Her ser me i Noregsstatistikken for jenter 13 år per 19. november at Tone Sandtorv Brakedal har oppnådd følgjande rangeringar på landsbasis:

Høgde utan tilløp: 1.-plass med 1,20 meter

Lengde utan tilløp: 1.-plass med 2,35 meter

60 meter: 5.-plass med 8,33 sek.

60 meter hekk 5.-plass med 10,11 sek.

Tresteg: 5.-plass med 10,38 meter

Høgde med tilløp: 9.-plass med 1,45 meter

100 meter: 10.-plass med 13,62 sek.

Lengde med tilløp: 10.-plass med 4,80 meter
  
Bård Inge Bø fortel at trestegresultatet er oppnådd med strekk. – Hadde ho prestert som i fjor ville ho vore på 3.-plass, fortel han, og med naturleg framgang, som i dei andre øvingane, ville ho toppa også denne øvinga.

I tllegg til Tone finn me berre éi anna Fitjar-jente på desse listene. Oda Rydland har kasta 600 grams diskos 21,60 meter, og er med det godt inne blant dei 20 beste i Noreg.         .

Så spørst det om det blir nye resultat å skriva heim om etter romjulsstemnet innandørs i Stord Idrettspark på Vikahaugane i morgon, fredag 28. desember kl. 16.30. Det skal konkurrerast i øvingane høgde, lengde, kule og 60 meter.