– Imponerande flinke. Det skriv Bente Bjelland i ein sms til fitjarposten.no og snakkar då om Christina Ringheim Koløen og Tor Håkon Aarbø, som deltok på Fylkesmønstringa i UKM i Bergen i helga. På biletet ser me Christine under MOT-arrangementet i Kultursalen på fredag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fredag var Christina eit fyrverkeri som songsolist. I Bergen stilte ho med eigenskriven monolog.

Tor Håkon framførte eit pianostykke han har sett saman frå fleire verk. 

Tor Haakon Aarbø. Bilete: Fitjarpost-arkiv/HCH

– Begge var imponerande flinke, skriv Bjelland.

Liste over kvem som går vidare till Landsmønstringa i Trondheim i juni, vert gjort kjent førstkomande onsdag på UKM sin heimeside.