Orda ovanfor tilhøyrer fire år gamle Imre Havn som fekk prøve brannsprøyta i lag med brannmann Ronny Korneliussen under Open dag på brannstasjonen i Årskog i dag.

Imre var ein av mange små som verkeleg kosa seg. Ikkje berre fekk dei prøve brannsprøyta, det vart tradisjonen tru køyring med brannbil med fulle sirenar, pølser, vaflar, saft eller kaffi – og caps og refleks til alle små. Samstundes fekk familiane med seg viktige ting om brannvern.

– Overraskande godt frammøte i og med at det er fotballturnering på Stord, smilte brannmann Trond Henriksen, som denne gongen delte ut capsar og hadde kontroll på brannbilturane.

Ein årleg tradisjon som stadig er spennande, både for  store og små.