Orda i overskrifta kjem frå brannsjef Tore Nesbø som ein kommentar til spørsmål frå fitjarposten.no om bålbrenning og jonsok.

– Me har ikkje sagt absolutt nei til dei som har spurt. Men er det like mykje vind som i ettermiddag, kan det vere uforsvarleg å tenne på. Her må folk vurdere vindretninga og ikkje setje fyr om det blæs innover land i staden for utover vatn og sjø. I skog og mark er det forbode å gjere opp eld på denne tida, seier brannsjefen.

Han bed òg folk om å tenkje over kva dei har på bålet. Glør og små bitar frå pappkartongar kan til dømes fyka langt og setje fyr andre plassar. Slikt bør ein difor ikkje ha på bålet, slik tilhøva er no, understrekar Nesbø.

– Elles vil eg gjerne ønskje fitjarbuen god jonsokfeiring, seier han til slutt.