Dei blei ikkje A-sluttspel på dei to gutelaga til Fitjar IL i årets Dana Cup i Hjørring.

Begge laga er no ferdige med alle dei innleiande kampane. Fitjar 1 har tapt alle tre kampane sine. 
Rapportane frå støtteapparatet fortel at Fitjar var best i den første kampen, mot Hirtshals, men dei tapte likevel 0-1. Den andre kampen i går enda med stortap 1-7 mot dei norske motstandarane Roterud. I dag blei det 0-3 mot det tyske laget JSG ASA. 

Med det andre laget har det gått litt betre. I kampen mot fjorårsvinnarane, Hjørring FC, blei det stortap 1-6, etter scoring av Frode Malkenes. Same mann scora også i den neste kampen, slik at dei klarte 1-1 mot det norske laget Sætre IF Graabein. Kampen mellom Fitjar 2 og MOL FK frå Tyskland i ettermiddag enda med 0-4, mot eit betre lag, seier rapportane frå Danmark. 

Trass i moderat sportsleg suksess blir det meldt om god stemning i Fitjar-leiren. Vêret er fint, og den store troppen let til å kosa seg under den danske sola. Resultat frå kampane kan me lesa her: