Arkivfoto: Selevik skule.

Utval for oppvekst og omsorg vil gå tilbake til kommunal SFO-ordning i Dåfjorden.

Dåfjorden barnehage tok over SFO ordninga frå Selevik skule i 2013, og gav eit privat SFO tilbod i barnehagen sine lokale. I 2013 var det berre 3 barn som nytta seg av SFO ved Selevik skule.

Dei seinare åra har talet på born som nyttar seg av SFO auka i Dåfjorden, og i fjor var det heile 12 born. Tidlegare i år varsla Dåfjorden barnehage at dei ikkje lenger ynskja å drifta SFO-ordninga i Dåfjorden.

Etatssjef for oppvekst- og kultur, John Karsten Raunholm la fram det nye framlegget til organisering for utval for oppvekst og omsorg i dag.

– Det er tydeleg at behovet for ei SFO ordning ved Selevik skule er stort, skriv etatssjefen i sakspapira.

Ein har vurdert om borna kunne blitt skyssa til Øvrebygda skule eller Rimbareid skule etter skuletid for å nytta eksisterande SFO ordning der, men dei kjem seg ikkje tilbake til Selevik skule etterpå. Det ville blitt behov for auka bemanning ved begge skulane. I tillegg ville skysskostnadane blitt høge.

Kartlegging som har blitt gjort no i vår viser at 10 barn i 1. – 4. klasse ynskjer SFO plass hausten 2019. Ved å oppretta ei kommunal SFO ordning vil desse borna få eit lokalt tilbod som er tenleg for det behovet barnefamiliane har.

– Flott at kommunen finn eit tilbod, det handlar om jo om logistikk som skal gå opp for foreldra, sa utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas.

- Annonse -

– Dersom talet på brukarar av SFO ordninga går ned må ein vurdera om det er eit økonomisk grunnlag for å halda fram ordninga. Dette må vurderast i den årlege budsjettprosessen, seier etatssjefen.

I tillegg til dei 10 borna som ynskjer SFO ved Selevik skulen til hausten er det 7 born som ynskjer SFO-plass ved Øvrebygda, og 41 born ved Rimbareid.

– Me bør signalisera ut at fleire bør nytta seg av SFO-tilbodet i Øvrebygda, elles kan ein risikera at det er dette som står i fare. Slik tilbodet i Selevik gjorde i 2013, sa ordførar Wenche Tislevoll.

Utval for oppvekst og omsorg rår formannskapet om å oppretta eit kommunalt SFO-tilbod ved Selevik skule. Nødvendige økonomiske justeringar må leggjast inn i revidert budsjett.

Les ogso: Nye SFO-vedtekter, vil ha slutt på gratis SFO for born med særskilte behov.