Det er ein stolt anleggsgartnar på grasbanen i Fitjar Idrettspark som seier dette når han viser fram den nye traktoren sin.

– Det er ikkje storleiken det kjem an på – verken når det gjeld traktor eller politisk parti – smiler ein stolt Geir Tore Søreide. Som kjent er han politikar i tillegg til å stella grasbanen i Fitjar Idrettspark, og mykje anna.

Til denne sesongen kjøpte Fitjar kommune ein splitter ny John Deere 3045R til bruk på grasbanen. Så det er fleire i bygda som har ny traktor! seier Geir Tore og smiler.

Den nye traktoren kosta 400 000 kroner, og fungerer om lag på same måten som den gamle. Men han slår og samlar graset mykje betre. Den gamle traktoren er rundt 20 år gammal, og må no nøya seg med mindre oppgåver.

Ei skår i gleda for den energiske gartnaren er at grasbanen er blitt noko knudrete i år. Det ligg tett i tett med små dungar av jord som tydelegvis har blitt «spadde» opp av små kryp.

Ikkje er det moldvarpar og ikkje er det jordrotter, men Geir Tore har avslørt kven det er som lagar problemet. Han spar opp ei tue, og inni den tyt det fram den feitaste meitemakk. Slik er det snart over heile banen, og dette uroar Geir Tore.

Det er ei dårleg trøyst at juniortrenar og sportsfiskar Ketil Fykse no veit kor han skal gå for å finna agn til fisketurane sine. Han kan ikkje spa opp heile banen!

I teorien skal meitemakk i jorda vera bra greier, seier Geir Tore, men ikkje her! Heile banen er i ferd med å bli øydelagt! Så dersom det er nokon i bygda som veit råd mot meitemakken, må dei ta kontakt! seier ein fortvila anlegggartnar til slutt.


Skal tru kven som gøymer seg under denne vesle haugen med jord og sand? lurer Geir Tore og stikk spaden i jorda. Foto: Kjetil Rydland.


Feit og fin meitemakk dukkar opp når Geir Tore snur torva. Foto: Kjetil Rydland.


Meitemakken eignar seg godt til agn, men ikkje i jorda på grasbanen, meiner Geir Tore Søreide. Foto: Kjetil Rydland.