I fjor yrte det av badeglade folk i Breiavikjo. Slik såg det ut då me var utom i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Plenen var stelt, det var god plass i bosdunkane og det lukta slett ikkje ille på utedassen. Men ikkje eit menneske var å sjå.

Ikkje så rart det.

Sjølv om temperaturen er relativt bra i dag, blæs det kald vind innover vatnet – og badetemperaturen: 14 gradar. 

Ikkje ein badetemperatur folk flest kosar seg i altså.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei nærmaste levande me møtte på var desse kyrne på Vestbøstad. Men dei gav ein god dag i badetemperaturen og meinte dei hadde det så godt som dei kunne ha det: med saftig grønt gras å ete –  og eit mjukt og deilig «teppe» å liggje på. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Slik såg det ut i fjor sommar med ein badetemperatur på 24 gradar. Men me skriv framleis berre 1. august.  Så me gjev enno ikkje opp vona om badeliv i Breiavikjo også denne sommaren. Arkivfoto: FP/HCH