mde

Miljørådgjevar Kari B. Rydland i Fitjar kommune ber om at me ikkje brenner all slags bos i hagane våre.

Oppmodinga kjem etter bosbrenninga på Fitjarstølane i går, då delar av byggjefeltet blei heimsøkt av ein svært sur røyk frå brend plast eller gummi.

Røyken kom frå bosbrenning på ei privat adresse i Fitjarstølane. Me har fått melding om at røyken seiv inn i husa i byggjefeltet og var til stor sjenanse.

– Korfor vel nokon å utsetja naboane sine for plagsam, forureinsande og trulig giftig røyk? spør vår innsendar på Fitjarstølane. Han synest det er spesielt ille å utsetja naboane for dette på dagar med lite vind, når røyken blir liggjande og siva inn i husa lenge.

Miljørådgjevar Kari B. Rydland i Fitjar kommune er klar i si vurdering:

– Ikkje brenn bos – lever det inn på miljøstasjon i Svartasmoget eller på Heiane!

Brenning av plast og gummi, produserer skadelege gassar, og det er uloveleg etter Forureiningslova §7.

Miljørådgivaren minner om at me har svært gode og rimelege ordningar for innlevering av bos. Det er ingen grunn til å brenna det; eigentleg er alt avfall å sjå på som ressursar, som skal inn at i kretsløpet.

Me bringar gjerne oppmodinga vidare:

– Lever inn avfallet på SIM!