Borna i Fitjarstølane barnehage håpar folk kan vera snille, og ikkje øydelegga tinga deira. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjarstølane barnehage har vore plaga gjentekne gongar med hærverk den siste tida, no ber dei byggjefeltet ta eit felles ansvar for at ting betrar seg.

– Det er fortvilande å koma her på måndagar og sjå at tinga våre har blitt tukla med. Det er tidkrevjande for oss å fiksa det, og me har heller ikkje råd til å kjøpa nytt kvar gong ting vert ødelagt. I det siste er det særleg gjerdet me har sett opp som koronatiltak som har fått køyrt seg, fortel styrar i barnehagen Mone Nilsen.

Gjerdet er sett opp midlertidig for å skilja avdelingane, og når Nilsen og dei andre kom på jobb på måndag, var det store hol fleire stadar langs gjerdet.

– Det kan sjå ut til at det er gjort for å laga ei rundløype til sykling. Dette er vel tredje gongen gjerdet er blitt tukla med. Barnehagen har opplevd hærverk i ny og ne, men i det siste har det vore meir enn vanleg, fortel Nilsen.

Slik såg gjerdet ut på baksida av bygget når dei tilsette kom på jobb. Foto: Mone Nilsen

Ungane reagerer

Ikkje berre eit øydelagt gjerde møtte dei tilsette på måndag. Nokon hadde ogso flytta på ting, og spadd sand ut av sandfylte dekk borna leikar på.

– Me ser jo at ungane reagerer når dei kjem i barnehagen. Dei har jo lært at slikt ikkje er lov, og lurer på kven som kan finna på å gjera desse tinga, og kvifor. Me synest det er kjekt at born kan nytta leikeplassen på fritida, men dette likar me ikkje, og me må prøva å finna ei løysing på problemet.

Slik såg ikkje gjerdet ut når dei tilsette kom på jobb, her har dei fått stripsa holet nede ved reilestativet. Foto: Ingrid Hovstad

For barnehagen ynskjer å ha uteområde ope på ettermiddagar og i helgene, og prøver no å nå ut til bygda om at ein må ta eit felles ansvar for å unngå hærverk.

– Me har prøvd å nå ut, både gjennom velforeininga si facebook-side og ved å legga lappar i postkassane i byggefeltet. Det hjelpte ei stund, men her er me igjen. Nok ein måndag møter dette oss.

– Me oppmodar foreldre til å ta ein prat med ungane sine om kva som er greitt og ikkje, og elles følga med på ettermiddagar og helger om dei går forbi barnehagen. Ser ein noko ugreitt medan ein går forbi, so kan ein stoppa å ta ein prat med dei som held på til dømes. Ein fin leikeplass der ting er i orden gler nemleg ikkje berre barnehageborna, den kan gle heile byggjefeltet, avsluttar Nilsen.