Ingve André Strand blei nummer tre i crosskart-NM samanlagt etter sjetteplass i A-finalen for nokre minutt sidan.

Krabyskogen ved Gjøvik har aldri vore lykkebanen til Ingve André Strand, og blei det ikkje denne gongen heller. Før dagens løp leia Ingve NM i crosskart 650 ccm samanlagt med to poeng på nestemann, Jørgen Svindal frå Gardermoen. Og dagen begynte godt, med siger i første innleiingsheatet.

Etter første omgang pakka dei om eksos, justerte bakakselen, fjørene og demparane, og skifta hovudstraumbrytaren. I andre omgang blei Ingve nummer tre, og etter femteplassen i siste innleiingsheatet, måtte han nøya seg med 6. spor i A-finalen. Rett bak samanlagtleiaren Jørgen Svindal i spor 5.

I finalen nådde ikkje Ingve heilt opp, og han måtte sjå Simen Vardeberg kjøra inn til samanlagtsiger i NM. Ingve kom seg heller ikkje forbi Jørgen Svindal, som sikra seg andreplassen samanlagt, to poeng bak Vardeberg, og med same poengsum som Ingve på tredjeplassen samanlagt.

Dermed blei Ingve André Strand nok ein gong slegen på målstreken i kampen om NM-gull samanlagt i crosskart. Det var altså ikkje hans tur i år heller, men me gratulerer med sterk innsats, og vonar han satsar vidare til han når heilt til topps.