Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Statens vegvesen har bestemt at det ikkje skal gjennomførast manuell billettering på riksvegferjene.

Dette gjeld frå søndag 15. mars og førebels ei veke framover – til og med søndag 22. mars.

– Dette gjer vi for å hindra smitte mellom trafikant og billettør. På den måten unngår vi å utsette mannskapet som har ei samfunnskritisk rolle. Der billettering kan gjennomførast utan kontakt mellom billettør og trafikant vil denne bli oppretthalden, seier avdelingsdirektør Edvard T. Sandvik – som leier ferjekontoret i Statens vegvesen.

Det blir arbeidd med å finna måtar å gjennomføra billettering etter søndag 22. mars.

Riksvegferjesambanda dette gjeld er:

  • Rv. 19 Horten–Moss (Bastø Fosen)
  • E39 Arsvågen–Mortavika (Fjord1)
  • Rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Ombo (Norled)
  • E39 Halhjem–Sandvikvåg (Torghatten Nord)
  • Rv. 5 Mannheller–Fodnes (Norled)
  • Rv. 13 Hella–Vangsnes–Dragsvik (Norled)
  • E39 Lavik–Oppedal (Norled)
  • E39 Lote–Anda (Fjord1)
  • Rv. 651 Volda–Folkestad (Norled)
  • E39 Solevåg–Festøy (Norled)
  • E39 Molde–Vestnes (Fjord1)
  • E39 Halsa–Kanestraum (Fjord1)
  • Rv. 827 Drag–Kjøpsvik (Torghatten Nord)
  • E6 Bognes–Skarberget (Torghatten Nord)
  • Rv. 80 Bodø–Værøy–Røst–Moskenes (Torghatten Nord)
  • Rv. 85 Bognes–Lødingen (Torghatten Nord)

Dei andre rundt 100 ferjesambanda i Noreg er fylkesvegsamband eller kommunale samband.