I artikkelen om Fitjar Musikklag i helga står det at det skal vera utdeling av kulturpris under konserten. Men det vert ikkje slik. Utdelinga av kulturprisen vert utsett.

– Opprinneleg var det snakk om dette, men så viser det seg at datoen kolliderer med eit arrangement ordførar og kultursjef skal på i Bergen. Utdelinga vil difor skje på eit seinare tidspunkt, seier Bente Bjelland til fitjarposten.no.