Apotek 1 ber om at dei som er i karantene ikkje kjem til apoteka. Foto: Apotek1.

Det er Apotek 1 som kjem med denne sterke oppmodinga i ei pressemelding i dag.

I pressemeldinga minner Apotek 1 om at dei har ein kritisk samfunnsfunksjon, og at det er essensielt at apoteka kan halda ope gjennom heile krisa me er inne i. Det krev at alle kundar hjelper til.

Folkehelseinstituttet seier at personar i heimekarantene «skal som hovedregel ikke oppsøke offentlige steder, slik som butikker og kafeer. Ved mangel på alternativer, kan du gå ut for å gjennomføre nødvendige ærender i butikk og apotek, men du må sørge for å holde tilstrekkelig avstand (1-2 meter) til andre og unngå kø

Er du i karantene, ikkje kom til apoteket!

Som Noregs største apotekkjede, med meir enn 400 apotek i heile Noreg, vil Apotek 1 på det sterkaste understreka at dersom du er i heimekarantene, må du gjera det du kan for å unngå å komma til apoteket. Du kan be nokon som du kjenner, dra i staden for deg, bruka nettapoteket apotek1.no og få medisinane levert på døra, eller vurdera om det kan venta til du ikkje lenger er i karantene.

– Vi må passa på medarbeidarane våre og kundane våre. Då kan vi ikke ha potensielt smitta personar i apoteka våre. Det ber vi folk respektera, seier adm. dir Øyvind Winther.

Om Apotek 1:

Apotek 1 er landets største og ledende apotekkjede, og har i dag over 350 apotek spredt over hele landet. Kjernen for vår virksomhet er kompetanse og kvalitet. Vår ambisjon er å leve opp til vårt slagord ”Vår kunnskap- din trygghet”, i alle våre kundemøter. Apotek 1 sine kunnskapsrike medarbeidere skal gjennom sin rådgivning og oppfølging skape bedre helse og økt velvære for våre kunder.