I vegkanten rett sør for Joker-butikken på Rydland går hjorten og beitar midt på blanke dagen.

Ei kolle med kalv og let seg ikkje sjenera mykje av at me stoppa i vegkanten i går for å sjå på dei. Med seg hadde dei ein «pikar», bukk fødd i fjor, og for ung til å melda seg på den harde kjønnsmarknaden i hjorteverda. Dei følte seg nok trygge, etter som det ikkje er jakttid enno. Den startar 10. september, og varer til 15. november. Så no gjeld det å nytta seg av det gode beitet og feita seg opp før jegrane kjem og gjer livet utrygt.

Dei let seg ikkje forstyrra mykje før fotoapparatet kom fram, men då vakna dei litt; kanskje dei såg noko som likna på eit kikkertsikte?