– Det er framleis muleg å søkja kulturmidlar! Det seier kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland i Fitjar kommune, som berre har fått tre søknader om tilskot innan fristen gjekk ut sist måndag.

No gjev Bjelland organisasjonar som har gløymt å søkja ein ny sjanse til å få del i desse midlane.

Søkjer dei innan måndag 14. november, kjem dei med, lovar ho, og legg til:

– Om dei synest det er vanskeleg å søkja, så hjelper eg dei gjerne. Det er berre å ringja.

Så gjeld det berre å nytta sjansen når han er her.