Det er fitjarbu og banksjef i Sparebanken Vest, Arve Havnerås, som kjem med denne påminninga til ungdommar som skal ta til som studentar.

– Å starte på studentlivet er både morosamt og travelt. Gløym likevel ikkje å sikre verdiane dine når du flyttar heimanfrå. Den alternative kostnaden kan nemleg bli skyhøg. Tenk om for eksempel hybelen gjekk opp i røyk…, seier Havnerås, og fortset:

Det er venta at over 12.600 nye studentar vil starte på studiane sine på Vestlandet i år. I løpet av nokon hektiske sommarveker skal majoriteten av desse finne seg eit tak over hovudet. Med lita studiestøtte, høge bustadprisar anten det er for å eige eller leige, og mykje studiemateriell som må skaffast, bør likevel alle studentar sørgje for at dei har både reise- og innbuforsikring.

– Årsaka er at unge i dag har fleire verdigjenstandar enn dei trur, anten det er iPhone, iPad og Mac, eller merkelede og dyrt fritidsutstyr. Det kan koste deg dyrt å erstatte desse gjenstandane om uhellet er ute., seier Havnerås, som har lagt merke til at mange unge ikkje teiknar forsikring.

– Det er synd, for tal frå Frende Forsikring viser at 1 av 7 unge mellom 18 og 35 år meldte inn skade og hadde behov for å nytte si reiseforsikring i 2012. 5,5 prosent av kundane i same aldersgruppe nytta innbuforsikringa. Dette illustrerer at sjansen for at noko skal inntreffe er ganske stor, seier Havnerås.
Barn og heimebuande ungdomar dekkast av foreldra sine forsikringar i fyrste del av livet, både når det gjelde uføre-, innbu- og reiseforsikring.

Den viktigaste forsikringa
Det største tapet kan likevel oppstå dersom du blir skada, og blir varig ufør under studiane. Med null arbeidserfaring mottar unge menneske veldig små summar frå Folketrygda.

– Å ha ei god uføreforsikring kan være dei unge si beste forsikring for å sikre framtidig inntekt. Men det er likevel ein type forsikring som vi ser blir nedprioritert i eit slunkent studentbudsjett. Kva med å få denne forsikringa i gåve frå anten enten foreldre eller besteforeldre? Unge har vanlegvis ei god helse, og forsikringa kostar difor lite, seier banksjef Arve Havnerås.

Depositumkonto
Studentane som kjem til byen må også finne seg ein stad å bu. Dei aller fleste startar med å leige bustad. Leige av ei 2-roms leilegheit i Bergen kosta i snitt 11.025 kroner i juli i år, ifølgje utleigemeklaren. Det er ei auke på 13,8 prosent frå same månad i fjor. I Stavanger kosta det i snitt 12.977 kroner per månad. Samtidig varierer kravet til depositum frå gjerne ein til tre månadsleiger.

– Her blir det fort snakk om store summar. Difor er det viktig å passe på at depositumet settast inn på ein særskilt depositums konto i leigetakarane sitt namn der verken leigetakar eller utleigar kan ta ut pengane på eigenhand. Regelen er at utleigar skal betale for kontoen, medan renteinntektene skal gå til leigetakar, seier banksjef Arve Havnerås.

Han legg til at for organiserte studentbustadar i regi av studentsamskipnadane kan reglane være annleis.