– Mål isen sjølv, og hald dykk vekke frå dei regulerte vatna, oppmodar brannsjefen i Fitjar kommune.

Brannsjef Tore Nesbø er uroa over at det er observert personar på Olstjødno.

– Me har høyrt at folk har vore utpå isen både på Olstjødno og andre vatn i Midtfjellet. Dette er ikkje forsvarleg, og me er uroa for at folk skal gå gjennom isen.

Nesbø er både uroa for tjukkelsen på isen, men ogso fordi dette er regulerte vatn.

– Dermed kan det vera tappa vatn frå under isen, og me må difor be folk om halda seg unna dei vatna som er skilta som regulerte. Dei er ogso merka med at isen er utygg. På desse vatna kan ein nemleg aldri garantera at isen er trygg.

Han forstår at mange har lyst til å teste skeisene når det først frys til, men ber folk om å finna andre plassar å gjera dette på.

– Om du finn eit vatn som ikkje er regulert, og måler at isen er 10-15 cm tjukk, er det berre å slå seg laus, på eige ansvar, fortel Nesbø.